www.utdanning.net - informasjon om studier og skoler, samt generelle studierelaterte nyheter og diskusjoner

Læresteder

Lærebøker

Penger og politikk

Diverse

Annonser

Søstersider

Om nettstedet

Manger folkehøgskole

fredag 10. september

Informasjon:


Skole
Manger folkehøgskole
Skoletype
Folkehøyskole
Postadresse
Postboks 53
Postnr./sted
5936 Manger
Fylke
Telefon
56 34 80 70 
Telefaks
56 34 80 71 
Nettside

Om skolen:


Manger folkehøgskule ligg vakkert til i eit fritt og ope landskap på Manger i Radøy kommune. Manger er ei middels stor vestlandsbygd som ligg 45 km nord for Bergen. Kommunikasjonane har etter kvart vorte gode, særleg etter opninga av Nordhordlandsbrua i 1994.

Manger Folkehøgskule er ein liten skule og det gjer at alle, både elevar, lærarar og andre tilsette vert godt kjende - samtidig som vi legg vekt på å skapa eit godt miljø mellom alle "aktørar" i skulesamfinnet. Dei fleste elevane bur saman to og to på romma.

Bygningsmassen er forholdsvis gammal, men omfattande oppussing og modernisering gjer at vi i dag har ein relativt moderne skule samtidig som vi prøver å halda på atmosfæren i dei eldre bygningane.

Linjer:
Filmmusikklinje:
Tilbudet er retta mot ungdom med stor interesse for musikk, data og film. Av praktiske grunnar vert berre søkjarar som spelar eit instrument (eller fleire) tekne opp ved filmmusikklinja, men det kan gjerast unntak.

Musikklinje:
På denne linja vil vi la deg arbeida med musikk som uttrykksform i samspel med andre og musikk som personleg uttrykksform Er du messingblåsar eller slagverkar og du ønskjer å gjera meir med hobbyen din, så er Musikklinja eit godt tilbod til deg. Det er stor sjanse for at du og dei andre på linja spelar eller har spelt i korps, og dette medverkar til det gode miljøet på skulen.

Lydstudio:
Linja vart oppretta i 1987 og er ei av dei eldste linjene av dette slaget i norsk folkehøgskule. tilbodet er retta mot ungdom med sterk oppmoding til elevane om å nytta studioa på eiga hand så mykje som mogeleg det året dei er her. Det faglege målet er at elevane skal få oppdaga at studio gjev dei svært gode tilhøve til å vera skapande i samvær med lærarar og medelevar. Høve til å prøva seg som profesjonell lydteknikar er og tilstade då studio vert leigde ut på kommersiell basis, der elevane er teknikarar. Dei einaste avgrensingane gjeld i undervisningstida og om natta.

Luftfartlinje:
Praktisk flyging:
Du har høve til å gjera skuleflyging hjå Nordhordland Flyklubb i den utstrekning du kan finansiera dette. Klubben har base nær folkehøgskulen og har for tida den einaste flyskulen i landet som brukar sjøfly i praktisk utdanning alt fra første flytime. Mange elevar har gjort si første soloflyging her.

Siste diskusjoner

Midlertidig deaktivert

Spørsmål

Alt tatt i betraktning, hvor fornøyd er du med lånekassen?

Svært fornøyd

Godt fornøyd

Middels fornøyd

Misfornøyd

Svært misfornøyd

BulletSe resultat

Søk

Søk på nettstedet