Om skolen:
Møre Folkehøgskule ligg midt i Ørsta sentrum.
Bygda har om lag 10.000 innbyggarar, og til saman bur det i Ørsta og Volda vel 18.000 menneske.
Møre Folkehøgskule høyrer til i den frilynte folkehøgskuletradisjonen. Det er målet at ein elev i folkehøgskulen skal lære seg sjølv betre å kjenne. Gjennom samtale, samhandling og samarbeid skal vi skape opplevingar for kvarandre. Folkehøgskulen er utan fast pensum, og folkehøgskulen er fri for eksamen og karakterar.
Linjer:
- Friluftsliv
- Vokal musikk (Musikklinja vår er ei songlinje.)
- Animasjon
- TV/F./Video
- Idrett
Fellesfag:
I tillegg til linjefaga deltek alle på ein del felles fag som til dømes: skulekor, laurdagsseminar, kroppsøving m.m.
Valfag:
Skulen tilbyr også kvart år ymse valfag som elevane kan velje mellom. Kva fag er aktuelle kjem kvart år an på dei lærarane vi har.