www.utdanning.net - informasjon om studier og skoler, samt generelle studierelaterte nyheter og diskusjoner

Læresteder

Lærebøker

Penger og politikk

Diverse

Annonser

Søstersider

Om nettstedet

Olavskulen folkehøgskole

fredag 10. september

Informasjon:


Skole
Olavskulen folkehøgskole
Skoletype
Folkehøyskole
Postadresse
Olavskulen folkehøgskole
Postnr./sted
5437 Finnås
Fylke
Telefon
53 42 53 00 
Telefaks
53 42 53 88 

Om skolen:


Beliggenhet:
Olavskulen ligg på øya Bømlo, midt mellom Bergen og Stavanger.
I april 2001 vil Trekantsambandet stå ferdig og gi Bømlo vegsamband til fastlandet.
Det går hurtigbåt til Bergen og Stavanger fleire gonger dagleg.

Olavskulen folkehøgskule er ein av dei nyaste folkehøgskulane i Noreg, og vart starta skuleåret 1983/1984.

Olavskulen er driven av ei stifting av Norges Kristne Arbeideres Forbund (NKAF), Landsorganisasjonen i Noreg (LO) og Arbeiderenes Opplysningsfond (AOF). Skulen er frilynt.

Linjer:
Psykologi- og pedagogikklinje
Internasjonal linje
Storkjøkkenlinje
Teaterlinje
Kostyme- og motedesignlinje

Fellesfag:
Kvar morgon startar vi dagen med morgonsamling klokka 08.00. Etter at kontaktlærar har hatt opprop, skal ein eller to elevar framføra eit dikt, ein forteljing, ein vits, ein leik eller noko anna knytt til veka sitt emne.
Kvar måndag og fredag startar og sluttar vi veka med eit felles allmøte. Her får du høyre om kva som hender i veka, og elles viktig informasjon for oss alle. Elevrådet får også tid til å ta opp saker på desse møta. På fredagar vil det i tillegg verta rom for ein stund for dei som skal ha morgonsamling veka etter.
Kvar måndag har vi kor. Det er felles for alle og kjempekjekt! For alle kan syngja!

Folkehøgskulen har også undervisning laurdagar. Då inviterer vi gjerne folk inn utanfrå, som kursar oss alle i alt frå internasjonal dans til yoga, eller kanskje musikk. Lærarane på skulen har også laurdagsseminar, og tek deg med på turar i lokalmiljøet.

Fleire veker i skuleåret har vi prosjektveker: Då let vi timeplan vere timeplan, og gjer noko heilt anna. Første og siste veka i skuleåret er annleis enn andre veker: Vi blir kjent og tek farvel. To gonger har vi det vi kallar ei kreativ veke. Seier du at du ikkje er kreativ? Berre vent og sjå! Ei veke lagar du revy saman med alle dei andre og til premieren inviterer skulen foreldre og sysken.

Veka før jul er ei fordjupingsveke for dei ulike linjene. Storkjøkken lagar mat til julebordet, teater har teater, internasjonal linje kjem heim frå Guatemala, og kostyme og motedesign gjer ferdig festantrekka sine. I veke tre har vi ei vintersportsveke på Hovden.
Ei av dei siste vekene arrangerer Olavskulen kvart år ein Fredsfestival. Kva det er? Det skal du vere med å avgjere!
Sprengje grenser?

Valfaga:
To dagar i veka kan du velje mellom skapande, sportslege eller mentalt utfordrande aktivitetar.

Du kan få lage din eigen film; skrive filmmanus, filme og redigere, eller ta vanlege bilete og framkalle dei sjølv i skulen sitt mørkerom. Kanskje lage ei utstilling?

Eller er det å gjere noko med hendene meir for deg? Ein dag i veka vert det forming med ulike aktivitetar. Vi har også ein liten snikkerverkstad på skulen, og omn til å brenne
keramikk i.

Vi har idrett, klatring, eller padling i havkajakk.
Kanskje vil du gå lette turar på øya, grave gull og fiske i båt eller med flue?

Draumar du om å læra eit språk? Kva med spansk?

Musikk har vi også, og eit musikkrom med nok instrumenter.

Skuleturar:
Hovden er eit skisportsenter som ligg i Aust-Agder fylke. Kvart år i veke tre reiser heile skulen til Hovden fjellstoge, der vi ligg i hytter, et god mat og nyt vinterfjellet og badeland i fem dagar!

Kvar vår reiser heile skulen 11 dagar til Kina.

Linjeturar:
London - teaterlinja

London - kostyme- og motedesign

Danmark - storkjøkkenlinja

Guatemala - internasjonal linje

Siste diskusjoner

Midlertidig deaktivert

Spørsmål

Alt tatt i betraktning, hvor fornøyd er du med lånekassen?

Svært fornøyd

Godt fornøyd

Middels fornøyd

Misfornøyd

Svært misfornøyd

BulletSe resultat

Søk

Søk på nettstedet