Om skolen:
Beliggenhet:
Skulen ligg i Sogndal sentrum - med fleire kinosaler, aktivt studentmiljø og rikt kultur-og idrettstilbod. Gode tilhøve for friluftsaktivitetar. Alle verkstadene og opphaldsromma er opne og tilgjengelege til 23.00 kvar kveld. TV-stove og peisestove er ope til sistemann forlet lokalet. Du får eigen nøkkel til utgangsdør internat.
Skulen har to internat – A: 8 einingar à tre dobbeltrom og eitt enkeltrom, B: to einingar à 9 enkeltrom.
Ekspressbåtar, bussar og fly med fleire daglege avgangar til Bergen og Oslo.
Linjefag:
Linjefaget utgjer ca 60 heile dagar, samt ein del enkelttimar.
- foto
- friluftsliv
- idrett
- grafikk
- naturfoto
- friluftsliv halvårskurs
- foto halvårskurs
- idrett halvårskurs
- grafisk kunst halvårskurs
Valfag:
Tilbodet avheng av kva lærarar vi har. Du kan velgje opp til ti valfag totalt gjennom året.
- foto
- sandvolleyball/ballspel
- liv og lyst
- telemark
- klatring
- keramikk
- psykologi
- modellfly
- igloobygging
- minikor
- gitar
- drama
- skileik
- dans
- lysbilde
- norsk
- kunsthistorie
- ornitologi
- fra tretopp til elvejuv
- astronomi
- skulptur
- folkesong
- knivlaging
- lærarbeid
Studieturar:
Vi dreg på tredagarstur til Jotunheimen om hausten, og todagars båttur på fjorden om våren. Linjene dreg på tur i linjeveka om våren, i Norge eller til utlandet. Jotunheimen, Tunisia, Madeira, Praha og Irland har vore reisemål dei siste åra. Ein fellestur til utlandet kan vere aktuelt i staden for linjevise turar.