www.utdanning.net - informasjon om studier og skoler, samt generelle studierelaterte nyheter og diskusjoner

Læresteder

Lærebøker

Penger og politikk

Diverse

Annonser

Søstersider

Om nettstedet

Sunnhordland folkehøgskole

mandag 6. september

Informasjon:


Skole
Sunnhordland folkehøgskole
Skoletype
Folkehøyskole
Postadresse
Halsnøy Kloster
Postnr./sted
5455 Halsnøy
Fylke
Telefon
53 47 01 10 
Telefaks
53 47 01 11 

Om skolen:


Beliggenhet:
Sunnhordland folkehøgskule ligg på den vakre øya Halsnøy midt mellom Bergen og Haugesund, i Kvinnherad kommune ved innløpet til Hardangerfjorden. Det er lett å kome til Halsnøy (ferge kvar time og snøggbåtsamband fleire gonger om dagen; korrespondanse med buss, tog og fly), men det at skulen ligg på ei øy er kanskje ein av grunnane til at skulemiljøet vert så godt og elevane ekstra samansveiste – når vi er saman, er vi saman, og det skjer alltid mykje på skulen.

Sunnhordland folkehøgskule har plass til 88 elevar; vi er om lag 10 lærarar, og 25 tilsette totalt.

Linefag, ca. 16 t/v. Du vel eitt av linefaga:
Musikk:
Vekt på praktisk musisering. Undervisning på hovudinstrument. Ulike samspelgrupper. Arbeid med musikk i ulike genre og stil ut frå elevane og lærarane sin bakgrunn; både notert musikk og improvisasjon. Musikkteori, arrangering / komponering, konsertverksemd, opptak og scenemusikk. Konsertsal, øverom. Samarbeid med lydlina.

Lyd:
Grunnleggjande lydteori, arbeid i studio, høve til samspel i grupper og innspeling av eigen musikk. Du bør spela eit instrument. Samarbeid med dei andre linene om ulike prosjekt; særleg tett samarbeid med musikk. Produksjon av lyd og lys til dans og teater. I arbeidet på lina vert det lagt stor vekt på kreative prosessar og musikkproduksjon. Lydlina disponerer velutstyrt lydisolert studio, datarom og øverom. For inneverande skuleår har vi investert i ein digital miksepult og 16 – spors digital opptaksmaskin.

Dans:
Den praktiske undervisninga er viktigast med grunntrening innan moderne dans og klassisk ballett. Improvisasjon og koreografi, utforsking av ulike aspekt med det å komponere dans. Noko andre danseformer, t.d. jazz. Kunnskap om ulike retningar innan den sceniske dansen – særleg samtidsdansen i Europa og USA. Spesialbygd dansesal.

Teater:
Grunntrening, rolleinnstudering, teksarbeid, improvisasjon, stemmebruk, formidling, lys, sminke, kostyme, scenografi. Vi vil arbeide med alt frå enkle dramaøvingar til større teaterproduksjonar. I samarbeid med dei andre linene har vi høve til å forske i spennande uttrykksformer. Black Box scenerom med fullt utstyrt lysrigg gir oss høve til mange ulike sceneløysingar.

Kunst og handverk:
Teikning, måling og keramikk. Bilete, skulptur og bruksform. Profesjonelt utstyr, og vi nytter materialar med kunstnarkvalitet. Du får lære teknikkar, bruk av ulike reiskapar og materialar på eit grunnleggjande og på eit meir avansert nivå, og hjelp til å skape ditt eige personlege uttrykk og form.

Valgfag, 2 eller fleir t/v:
Friluftsliv og danseteater er skulen sine to storvalfag med 4-6 veketimar kvar. Tilhøva for friluftsliv er dei aller beste med ein herleg og variert natur i nærmiljøet. Danseteater er eit spennande valfag, og det ligg i namnet at det vert teater i hovudsak bygd på rørsle og dans. Når det elles gjeld valfagtilbodet ved skulen, kan dette variere litt frå år til år. Fordelinga av lærarressursane samt interessa for det einskilde valfaget frå dykk elevar avgjer korleis tilbodet blir. Dei siste åra har vi m.a. hatt desse valfaga i tillegg til friluftsliv og danseteater: ballspel, keramikk, teikning, grafikk, avspenning, kor, teatersport / improvisasjon, gitar, sjonglering og diskusjonsgruppe. Du vel valfag etter skulestart. Du må velje minst eitt, men kan velje så mange du vil så sant det er plass og timeplanteknisk mogeleg. I tillegg til valfaga vert det ofte og sett i gong ulike elevstyrte aktivitetar og kurs.

Fellesfag, ca. 10,5 t/v:
Fellesfaga har som mål å gi felles opplevingar, utvikle felles forståingsrammer og legge til rette for diskusjon og meiningsutvekslingar mellom alle elevane på skulen. Morgonsamling, kor, tema innan kunst og kultur, seminar over ulike tema, hustime, skulens time og internasjonal dans er fag som alle elevane har. Temaundervisninga er tenkt å vere eit overbyggingsfag for linene, og å setje dei estetiske uttrykksfaga inn i ein større samanheng ved å trekke inn perspektiv frå historie, litteratur, politikk og samfunnsliv, filosofi, etikk, m.m. Den raude tråden er omgrepet det musiske menneske. Dei ni musene var gudinner for kunst og vitskap i gresk mytologi. Seinare har "musisk" vore nytta i tydinga "kunstnarisk skapande". Gjennom skulevinteren vil du få rikt høve til å ta i bruk dine eigne skaparkrefter både i undervisninga, i prosjekt, på elev/kulturkveldar og på fritida.

Siste diskusjoner

Midlertidig deaktivert

Spørsmål

Alt tatt i betraktning, hvor fornøyd er du med lånekassen?

Svært fornøyd

Godt fornøyd

Middels fornøyd

Misfornøyd

Svært misfornøyd

BulletSe resultat

Søk

Søk på nettstedet