Om skolen:
Beliggenhet:
Skulen ligg på garden Seim vest for Voss sentrum (1,5 km) med vakker utsikt over Vangsvatnet og fjellheimen. Kommunikasjonen er god både med tog vestover til Bergen (1t) og austover til Oslo (5t). Gode bussforbindelsar til Sørlandet og Telemark/Oslo. E16 Bergen - Oslo passerer Voss.
Voss ligg omkransa av fjell og er nær flotte fjordlandskap. Her er høve for utfordrande naturopplevingar året rundt. Like ved skulen er eit av Nord-Europas beste alpinanlegg.
Heilskapsskule med høg aktivitet
Voss Folkehøgskule er ein heilskapsskule. Arbeidet i "fritida" er like viktig som den organiserte undervisninga. Vi ventar eit høgt aktivitetsnivå både på linjene og i fag og gjeremål elles. Skuledagen strekkjer seg i regelen frå frukost klokka 0745 og til innetid klokka 2300.
Linefag:
Musikk
Film og foto
Idrett og friluftsliv
Friluftsliv - Naturliv
Handverk og brukskunst
Data, Internett og språkteknologi
Felles fag:
• Forum; dagsaktuelle tema
• Kor, allsong, litteratur
• Hustime og gangråd;
ein del av elevdemokratiet
og høvet til å drøfte det
som skjer i skulekvardagen.
• Seminar;
tema og opplegg varierer.
eminara er ofte praktisk
retta.
Valfag:
Eitt to timars valfag, eitt fire timars valfag (storfag).
Tilbodet varierer frå år til år avhengig av lærarkrefter m.m.
Døme på valfag:
• Stomp
• Afrikanske rytmer
• Telemark
• Skileik
• Volleyball
• Kroppsøving
• Drama/teater
• Vise-gitar
• Film og litteratur
• Teikneseriar
• Norrøn mytologi
• Foto
• Kalligrafi
• Leik og dans
• Makramé
• Praktisk arbeid
• Stoffmåling
• Strikking og sying
• Teikning og måling
• Verda ikring oss
• Økologi/miljøfag