Om skolen:
Fana Folkehøgskule ligg ved Fanafjorden på Store Milde i Bergen om lag to mil frå sentrum. Skolen starta i 1915, og er bygd opp omkring ein herregard frå 1700-talet. Hovudbygningen er freda. Dei andre trebygningane er stilmessig tilpassa denne, og er plasserte omkring eit vakkert tun med gamle tre. Ved hovudbygningen ligg den gamle renessansehagen som er særleg kjend for krokusbløminga om våren.
Bergen er Vestlandets hovudstad og Noregs nest største by, med over 200.000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagt av kong Olav Kyrre i år 1070 og er i dag eit pulserande handels- og utdanningssentrum. Byen har ein av dei travlaste hamnene i Europa.
FELLESFAG:
Etikk
Filosofi
Kunst og samfunn
Laurdagsseminar
Skolekoret
VALFAG
Data, drama, filosofi, foto, gitar, idrett, tekstil, internasjonalt arbeid, journalistikk, litteratur, måleri, portretteikning, psykologi, samspel/song.