Om skolen:
Hardanger Folkehøgskule er ein frilynt skule for ungdom og er ikkje bunden opp til noko bestemt livssyn eller politisk retning.
Skulen ligg midt i ein vill og vakker natur med Hardangervidda på den eine sida, fjorden og Folgefonna på den andre. Idylliske Lofthus er den største fruktbygda i Noreg. Skulen har tilsaman plass til 90 elevar.
Linjetilbud:
Kunst og Handverk
Media
Idrett
Fritidspedagogikk med vekt på barn, dyr og natur
Friluftsliv
Stell og bruk av hest
Fellesfag:
I tillegg til linjefaga har alle elevane ein del fellesfag. Dette er fag som kor, dans, rektor sin time og temafag. Til saman utgjer desse faga omlag 10 timar i veka. Temafaga er fag med høgskulepreg. Alle elevane har tema 4 timar i veka. Dei siste åra har me hatt emne som filosofi, kriminallitteratur, etikk og ulike emne innan historie.
Jakt og fiske med villreinsjakt på Hardangervidda.